Foto & film

Skap apell med godt bilde-materiell

Eit godt bilde gir eit godt førsteinntrykk – det formidler bodskap, kjensler og verdiar, utan behov for ord. Engasjer målgruppa di og reflekter kvalitet og pålitelegheit.

Breiddegrad Studio bistår med fotografering av folk, produkt, bygg/interiør og omgivelser. På bakkeplan eller frå lufta. Bilda etterbehandlast i tråd med dine ynskjer eller ut ifrå eksisterande bildeprofil, og tilpassast plattforma dei skal brukast på.

Eller er du ute etter nytt filmmateriell til bruk i markedsføring eller på nettside? Eg bidreg med alt frå lengre intervju til kortare reklamesnuttar til bruk på sosiale medier. Her får du hjelp med filming, klipping, lyddesign og 2D-animasjon.

Bolig & interiør

Framhev dei beste sidene ved boligen din, enten du skal selge, leige ut, eller berre vil vise fram interiøret. Gode bilder skaper interesse - og med auge for detaljar og forståelse for lys og rom, skaper eg bilder som gir potensielle kjøparar eller leigetakarar eit klart og attraktivt inntrykk av boligen din.

Events

Forevige dagen med eventfotografering! Eg dokumenterer arrangement som konferanser, konsertar og liknande, og jobbar for å fonge dei spontane og minneverdige augeblikka som gjer dagen spesiell.

Drone

Med dronefotografering får du vist fram eigedom og prosjekt frå eit heilt nytt perspektiv. Eg tilbyr bilder og video frå lufta som gir ei unik oversikt, enten det gjelder eigedomsfoto, dokumentasjon av byggeprosjekt, eller landskap. Eg fokuserer på sikkerheit og kvalitet og tilpassar fotograferinga etter dine spesifikke behov.