Nettside

Intuitive & tiltalande nettsider

Nettsida di er ditt anlet utad, og Breiddegrad forstår viktigheita av å skape nettsider som ikkje berre ser bra ut, men som også fungerer som dei skal. Få fram ditt bodskap med responsiv design og universelt utforma nettsider.

Unikt design

Eg skapar nettsider som er spesialdesigna for å reflektere merkevara di og verdiane dine. Dette betyr at du får ei nettside som ikkje berre ser bra ut, men også kommuniserer det rette bodskapet til målgruppa di. Frå fargar og typografi til layout og grafiske element, blir alle detaljar nøye gjennomtenkt for å passe bedrifta di.

Brukarvenleg utvikling

Eg utviklar nettsider som er enkle å navigere for kundane dine. Brukaren skal finne det dei leitar etter raskt og utan frustrasjon.

I tillegg gjer eg det enkelt for deg å administrere nettsida gjennom intuitive verktøy, slik at du sjølv kan oppdatere innhald som tekst, bilete og produkt utan teknisk kunnskap.

Responsiv design

Kundane dine besøker nettsida frå ulike einingar – alt frå store dataskjermar til små mobiltelefonar. Difor utviklar eg nettsider som automatisk tilpassar seg alle skjermstorleikar og plattformer.

Dette sikrar at nettsida di alltid ser profesjonell ut og fungerer like godt, uavhengig av korleis kundane vel å besøke den.

Universell utforming

Eg legg stor vekt på at nettsida di skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne. Dette inkluderer bruk av kontrastar som gjer teksten lett å lese, navigasjon som fungerer med tastatur og skjermlesarar, og eit generelt fokus på å oppfylle krav til universell utforming. Ei inkluderande nettside bidreg ikkje berre til å nå fleire brukarar, men byggjer også eit positivt omdøme for bedrifta di.

SEO & yting

Ei flott nettside er lite verd om ingen finn den. Eg optimaliserer nettsida di for søkemotorar (SEO), slik at den kjem høgare opp i søkeresultata og blir meir synleg for potensielle kundar. Eg fokuserer også på rask lastetid og teknisk stabilitet, noko som både gjer brukaropplevinga betre og kan bidra til høgare rangering i søkemotorar.